– Folk er overraska over Vetlesen – NRK Sport – Sportsnyheter, resultater og sendeplan
– Han har hatt ein briljant start på sesongen, seier Tomas Taecke, fotballjournalist i belgiske Het Laatste Nieuws, til NRK.
Taecke har følgt Club Brugge tett i ei årrekkje og er full av lovord om det Vetlesen har levert sidan klubben kjøpte han fri frå Bodø/Glimt for ei totalramme på rundt 65 millionar kroner.
Noreg møter Jordan til privatlandskamp torsdag kl. 19.00 på Ullevaal stadion. Du kan høyre kampen på NRK Sport, sendinga startar kl. 18.45.
Club Brugge kjempar heilt i toppen av den belgiske eliteserien etter fem rundar. På fem ligakampar, og seks kampar i kvalik til Serieligaen, har Vetlesen starta ni av elleve.
– Han har verkeleg gjort det bra. Alle veit at han var ein god spelar i Noreg, og Vetlesen kom til klubben saman med to andre signeringar frå Polen og Bulgaria. Tre gode spelarar i eigne liga, men med all respekt, det er tre ligaer som er på eit lågare nivå enn den belgiske. Vi hadde difor nokre spørsmålsteikn. Men Hugo har verkeleg levert, seier Taecke på telefon frå Belgia.
FAVORITT: Hugo Vetlesen har allereie fått eit godt rykte blant belgiske fotballfolk.
Foto: BRUNO FAHY / AFP
– Veldig intelligent fyr
Den rutinerte fotballreporteren meiner den norske 23-åringen har fått både klubb og supporterar til å sperre opp auga.
– Folk er overraska over Vetlesen, spesielt sidan det har skjedd så fort. Vi kunne tidleg sjå at han har kvalitetar, men også internt i klubben trudde dei han ville trenge meir tid. Men han speler som om han har vore i den belgiske ligaen i fleire år.
– Eg snakka med foreldra hans då vi var i Aarhus og Club Brugge spelte kvalikkamp, og det var lett å sjå at dette var jordnære og intelligente folk. Det same med Hugo, vi forstod tidleg at dette er ein veldig intelligent fyr. Det hjelper han, legg Taecke til.
Hugo Vetlesen sjølv er strålande fornøgd med måten han har komme i gang på i Belgia.
– Eg tenkte kanskje det ville ta litt lengre tid då eg drog til ein ny klubb, men eg har funne meg godt til rette, både i klubben og i gruppa. Eg har fine folk rundt meg, samtidig som eg har teke den plassen som trengst for å kunne klare å spele og prestere med ein gong. Det har vore godt, seier 23-åringen.
FAST: Hugo Vetlesen har spelt seg til ein fast plass på Club Brugge-laget.
Foto: BRUNO FAHY / AFP
Skeptisk Solbakken
Landslagssjef Ståle Solbakken følgjer nøye med på det Vetlesen gjer i Belgia.
Solbakken har i motsetning til Taecke litt blanda kjensler når det gjeld det han har sett av den tidlegare Glimt- og Stabæk-spelaren så langt.
– Han har spelt i ei litt annleis rolle som ein av to defensive spelarar. Det har vore ein del bra, og ein del ikkje så bra. Men han har spelt veldig mykje for eit godt lag, har ein god trenar (Ronny Deila) og har alle føresetnader for å utvikle seg, seier Solbakken til NRK.
– Kva er det som ikkje har vore så bra?
– Det vi ser på som hans største styrke er eigentleg løpa hans inn i feltet og den spelaren han er på den siste tredelen. Der har han vore bunden av at han har fire spelarar framfor seg heile tida og då må vente på dei løpa som han kanskje er best på. Han har nok brukt mykje krefter på å vere sikker på å gjere den defensive jobben, og at han utfyller den rolla som er ny for han rett, taktisk sett, meiner Solbakken.
SJEFEN: Erling Braut Haaland og landslagssjef Ståle Solbakken under treninga til fotballandslaget på Lillestrøm onsdag i forkant av privatlandskampen mot Jordan.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
– Alt er eit steg opp
Sjølv tek Vetlesen den nye rolla med stor ro.
– Eg har jo spelt der før, både i Stabæk og då eg var yngre, så heilt ukjend er det ikkje. Det har vore ei ny erfaring, men eg kjenner eg har handtert det bra og levert gode kampar, seier han til NRK.
– Kva er den største skilnaden på Club Brugge kontra Glimt?
– Alt er eit steg opp. Éin ting er fasilitetane og alt rundt, det er ein mykje, mykje større klubb, utan tvil. Nivået er høgare i ligaen, det er tettare og jamnare kampar, alle spelarane er eit hakk betre. Det har vore ei fin læring, eg kjenner eg har teke tempoet og nivået veldig bra, seier han.
Det skader heller ikkje at Club Brugge blir trena av norske Ronny Deila.
– Ronny har vore veldig fin, vi har fått resultat etter eit fjorår som ikkje var altfor bra. Vi har fått ein god start, både trenarteamet og klubben er på rett veg.